Hålandsdalen Montessoriskule er Mobilskule
Me ynskjer stadig å betre kommunikasjonen mellom skulen og heimen. Innføring av SMS for å kunne kommunisere raskare og meir effektivt vart gjort hausten 2016. Ordninga erstattar ikkje annan kommunikasjon og e-post, men er eit godt alternativ for hastemeldingar.
-
Send melding ved t.d. fråvær
-
Ta i mot viktige påminningar og endringar frå skulen
-
Skulen sender varsling-sms ved uforutsette hendingar
Send SMS til skulen
Føresette har no muligheita til å sende sms direkte til skulen. Dette skjer på følgjande måte: For å melde frå om t.d. fråvær, sender føresette ein SMS med teksten
HMSKULE (mellomrom) «KODEORD» (mellomrom) «TEKST»
Meldinga sendast til 03686.
SMS kan lyde t.d. slik:
HMSKULE 1A Per er sjuk i dag. Helsing Lise.
Ta i mot viktige meldingar på SMS
Sende SMS blir loggført med dato, tid, telefonnummer og innhald. Me har på den måten full oversikt over all kommunikasjon som er sendt til skulen via mobil og kan raskt og enkelt sjekke om meldinga frå heim til skulen er ekte. Det er kun skulen som har tilgang på denne informasjonen og vil ikkje delast med utanforståande, etter gjeldande reglar frå Datatilsynet. Dette er eit gratis og frivillig tilbod frå skulen. Føresette kan når som helst velje å ikkje delta. Vi oppfordrar alle føresette til å vere med, då det vil skape ein direkte kommunikasjon mellom heim og skule.
Ingen ekstrakostnad
Du kan lese meir om mobilskole på: http://www.mobilskole.no