top of page

Maria Montessori

Project Manager

Maria Montessori (1870-1952) ar ei av Italia sine første kvinnelege legar. o fekk si første tilsetjing som lege på barneavdelinga ved den psykiatriske universitetsklinikken i Roma, g der kom ho for første gang i kontakt med utviklingshemma born.

Ho observerte at borna var helt utan stimulering, men erfarte at borna kunne lære mykje, berre dei fekk tilrettelagt undervisning.

Gjennom sitt arbeid med desse borna vart ho stadig meir overtyda om at deira problem var vel så mykje av pedagogisk som av medisinsk art. Dette førte Maria Montessori vidare til studiar i pedagogikk. 

 

Då Montessori etterkvart fekk moglegheit til å utvikle eit undervisningstilbod for dei psykisk utviklingshemma borna ved klinikken, fekk ho også satt sine idéar ut i praksis. Inspirert av store pedagogar på den tida, Itard og Séguin, utvikla ho materiell som borna kunne arbeide med. Borna vart aktive på ein positiv måte, og ho oppdaga at dei kunne lære seg mykje som ein i utgangspunktet ikkje ville tenkt dei kunne.

 

Ho skreiv seinare: "Eg har lykkast i å lære eit fleirtal av dei utviklingshemma borna frå mentalsjukehuset å lese og skrive så bra, at eg lot dei delta i opptaksprøvane til ein skule for normalt utvikla born, og dei klarte prøven... Mens alle beundra framskritta deira, lette eg etter årsaka til at dei vanlege skulane sine lukkelege, friske born kunne bli helde på eit så lågt nivå at dei i intelligenstestane kunne sidestillast med mine tilbakeståande elevar." (Maria Montessori, Montessorimetoden 1909)

 

I 1907 vart Maria Montessori leiar for ein førskule i Roma sitt fattigkvarter. I sitt Casa dei bambini (Bornas hus) utearbeida ho ein pedagogikk som skulle bli banebrytande - blant anna ved at den bygde på borna sin frivillige medverknad og la vekt på deira rett til å utvikle seg fritt.

 

Maria Montessori var ei kvinne som i si tenking var forut for si tid. Ho gjekk sterkt inn for å opprette ein pedagogisk vitskap, noko som skulle leie henne til å oppdage barnet sine ibuande moglegheiter og spesifikke behov. Ho såg at det låg store ressursar skjult i det spirande menneskesinnet. Viss barnet frå starten av vart teke hand om på ein måte som var tilpassa barnet sitt utviklingsnivå og behov, ville skjulte moglegheiter komme til syne og leia til ei meir allsidig personlegdomsutvikling.

 

Montessori skreiv ei rekke bøker om sine erfaringar og observasjonar av barn, og ho utforma den pedagogiske metoden som sidan har fått hennas namn.  Ho grunnla utdanningssenter for lærarar og heldt forelesningar over heile verda, blant anna i Norge, Sverige og Danmark i 1950. Mange av forelesingane hennas er nedskriven og seinare utgitt.

Undervisningsmetoden vart populær i mange land, særleg i Nederland, Storbritannia og USA. Montessori samarbeida med dei mest kjente pedagogar og filosofar på den tida, blant dei var Sigmund Freud og Jean Piaget.

 

Då den andre verdskrig braut ut, måtte Maria Montessori rømme frå landet. Ho flyttet til India, kor ho budde fram til 1947. Per i dag er India det land som har flest montessoriskular i verda.

 

Maria Montessori etablerte  Association Montessori Internasjonale (AMI) i Amsterdam. Organisasjonen si hovudoppgåva er å føre ei korrekt tolking av Montessori sin pedagogikk og å utdanne pedagogar i montessorimetoden. Etter Montessori sin død i 1952, overtok sonen hennas Mario leiinga av AMI.

 

Seinare hjerneforsking stadfestar i stadig større grad dei fenomena Montessori observerte og som ho la til grunn i sin pedagogikk.

Fridom og orden, det tilrettelagte læringsmiljøet, gjensidig respekt og ansvar for omgjevnadane, er omgrep som går som ein raud tråd gjennom montessoripedagogikken sin filosofi.

 

Førskuleborna sitt absorberande sinn, dei sensitive periodane, behovet for fridom og sjølvstende, og behovet for meistringskjensle er fundament i den pedagogiske filosofien som ein montessoribarnehage og -skule er basert på.

Sjekk og ut filmer om montessorimetoden

   Den fyrste er ein engelsk dokumentar, den finn du her: https://www.youtube.com/watch?v=NyMqSG98a8M

​

Den andre er ein amerikansk kortfilm som du finn her: https://www.youtube.com/watch?v=HYgH5AeaaqU

​

bottom of page