Hålandsdalen Montessoriskule - Hålandsdalsvegen 532 - 5640 Eikelandsosen

epost: post@hmskule.no Tlf: 56 58 11 00

         

        HÅLANDSDALEN MONTESSORISKULE

         

         

        Hålandsdalen Montessoriskule ligg i natur skjønne omgivelser på Holdhus.

         

        Skulen ligg sentralt i bygda med barnehage og SFO i same byggning.

        Ved skulen ligg fotballbane, basketballbane, leikeplass, skiskytter stadion og skiløyper. 

        Naturen kring skulen er storslått og variert. 

         

        Holdhus skule var opprinneleg ein kommunal skule som vart lagt ned etter 60 års drift. Bygda hadde eit sterkt ønskje om å framleis ha ein skule i lokalmiljøet, og søkte difor godkjenning om privat skuledrift.

        Skulen er godkjend som montessoriskule med plass til inntil 70 elevar på 1.-7.trinn. Dette gjev høve til eit oversiktleg miljø med stor vaksentettleik. Skulen er ikkje berre ein grendaskule, men vil ta imot elevar frå andre bygder og kommunar om dei søkjer.

         

        Ved Hålandsdalen skule er dei føresette ein stor ressurs, og dei føresette vil både formelt og uformelt kunne ha stor påverknad på borna sin skulekvardag. Styret for skulen er skulen sitt øvste organ, og har fleire foreldrerepresentantar.

         

        Skulen starta opp hausten 2016. Då framstod skulen som eit attraktivt bygg med tenlege klasserom, godkjend av Miljøretta Helsevern og Arbeidstilsynet.