top of page

HÅLANDSDALEN MONTESSORISKULE

 

Hålandsdalen Montessoriskule ligg i naturskjønt landskap på Holdhus.

 

Skulen ligg sentralt i bygda med barnehage i same byggning.

Ved skulen ligg fotballbane, basketballbane, leikeplass, turløyper,

skiskytterstadion og skiløyper. Naturen kring skulen er storslått og variert. 

 

Holdhus skule var opprinneleg ein kommunal skule som vart lagt ned etter 60 års drift. 

Bygda hadde eit sterkt ønskje om å framleis ha ein skule i lokalmiljøet, og søkte difor godkjenning om privat skuledrift. Skulen er godkjend som montessoriskule med plass til inntil 75 elevar på 1.-7.trinn. Dette gjev høve til eit oversiktleg miljø med stor vaksentettleik. Skulen er ikkje berre ein grendaskule, men vi har og elevar frå andre bygder. Her er plass til fleire.

 

Ved Hålandsdalen skule er dei føresette ein stor ressurs, og dei føresette vil både formelt og uformelt kunne ha stor påverknad på borna sin skulekvardag. Styret for skulen er skulen sitt øvste organ, og har fleire foreldrerepresentantar.

 

Skulen starta opp hausten 2016. Då framstod skulen som nyoppussa etter hjelp frå heile byda. Klasseromma er modernisert og uteområdet er oppgradert i perioden frå 2016-2019. Skulebygget er godkjend av Miljøretta Helsevern og Arbeidstilsynet.

​

 

bottom of page