Hålandsdalen Montessoriskule - Hålandsdalsvegen 532 - 5640 Eikelandsosen

epost: post@hmskule.no Tlf: 56 58 11 00

Ordensreglement for Hålandsdal Vekst SA

 

Om elevar og lærarar sine rettar og plikter

​​

  1. Elevar har rett og plikt til å møta på skulen og delta i den planlagde undervisninga kvar dag, med mindre det føreligg gyldig grunn til fråvær, som for eksempel sjukdom eller innvilga permisjon. Melding om sjukdom skal fråvær meldast skulen via mobilskole seinast same dag, helst før kl. 8.00.

 

   2. Søknad om permisjon skal meldast til mobilskole. Søknad om fri meir enn ein dag skal leverast skulen i eige brev.

       Skulen kan ikkje innvilga permisjon i meir enn 14 dagar. Rektor fattar vedtak om permisjon. Elevar som er fråverande            

      samanhengande meir enn 14 dagar må meldast ut av skulen og meldast inn når det kjem att. Føresette har ansvar for      

      opplæringa  i fråværsperioden.

 

   3. Elevar plikter å møta presis til undervisninga.

 

   4. Elevar kan berre forlata skulen sitt område i skuletida i samråd med lærar eller skuleleiinga.

 

   5. Elevar plikter å respektera og fylgja dei til ein kvar tid gjeldande retningslinjer og rutinar som vert brukt i skulen sin        

       daglege verksemd.

  

   6. Elevar må vise respekt overfor medelevar, barnehagebarn, lærarar, andre tilsette og føresette. Elevar skal opptre    

       omsynsfullt  og vere hjelpsame. Mobbing er ikkje tillate.

 

   7. Elevar skal bidra til å halda ro og orden på skulen sine område, og på veg til og frå skulen.

 

   8. Vald, truslar om vald, truande eller krenkande språk eller åtferd er ikkje tillate.

  

   9. Elevar skal behandla skulen sitt undervisningsmateriell, inventar, skulebygget og gjenstandar på utearealet med varsemd.        Skadeverk og unødig forringing er ikkje tillate.

 

  10. Elevar skal respektera medelevar sin eigedom.

 

   11. Elevar skal ha klede som er tilpassa vêrtype og skulen sine aktivitetar, og som ikkje er til hinder for undervisninga.

 

  12. Gjenstandar som ikkje er ein naturleg del av påkledningen eller undervisninga skal ikkje takast med til skulen.

  

  13. Mobiltelefonar og anna privat elektronisk utstyr skal vera avslått og i sekken dersom ikkje anna er avtala med læraren.

 

  14. Den som gjer skade på noko må sei frå til ein vaksen.

 

  15. Elevar kan berre ha med godteri, brus og liknande ved spesielle høve, og etter avtale med læraren.

 

  16. Det er ikkje tillate å nyta tobakk, snus, alkohol eller andre rusmidlar på skuleområdet i skuletida, eller ved arrangement               som skulen står for.

 

  17. Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.

 

  18. Det er ikkje tillate å bruka skulen sin internett eller anna kommunikasjon til å lasta ned, lese eller spreie pornografiske,  

        rasistiske eller anna materiale som kan oppfattast som krenkande, eller som er i strid med norsk lov.

 

  19. Elevar skal unngå farleg eller uhemma valdsam leik. Det er skulen sitt personale som til ei kvar tid avgjer kva leik som er  

        tillate.

 

  20. Reglementet kan endrast av skulestyret.

 

 

 

Konsekvensar for brot på reglementet:

 

Brot på dette reglementet vil resultera i relevante reaksjonar mot eleven. Om naudsynt vert det sett i verk refsingstiltak. Verkemiddelet  skal stå i høve til brotet sin karakter, for å bidra til å skapa eit trygt og forutsigbart skulemiljø. Eleven skal ha muligheit til å forklara seg. Skulen skal og vurdere behov og mulegheit for alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak  og/ eller individuell skriftleg avtale, eller kontakt med hjelpeinstansar , for eksempel PP-tenesta.

 

Fylgjande verkemiddel kan nyttast:

 

   1. Samtale med læraren med sikte på rettleiing, eventuelt for å få klarheit i kva som skjedde og kvifor det skjedde.

 

   2. Mekling mellom ulike partar i ein konflikt med sikte på fredeleg konfliktløysing.

 

   3. Rektor/lærar kan ta eleven/elevane til side eller ut av gruppa for å drøfte situasjonen slik at det kan skapast felles forståing

       for kvifor situasjonen oppstod, korleis denne burde vore løyst, og kva me kan gjera for å unngå liknande situasjonar igjen.

 

   4. Innskrenking av privilegium , for eksempel val av arbeidsplass, val av arbeid og aktivitet, val av arbeidsmetode, val av

       arbeidsplan, eller val av arbeidskameratar .

 

   5. Føresette kan informerast pr. telefon eller brev.

  

   6. Føresette kan kallast inn til konferanse vedrørande eleven sin situasjon.

 

   7. Farlege gjenstandar, rusmiddel/ tobakk vert beslaglagt og føresette vert kontakta.

  

   8. Straffbare forhold kan meldast til politiet.

 

   9. Elevar som rotar eller øydelegg noko må rydda og vaska etter seg, og eventuelt reparere øydelagde ting. I særlege høve

       kan det reisast erstatningskrav mot føresette. For skader elevar har utøvd på medelevar sin eigedom, må føresette sjølv    

       krevje erstatning frå skadevoldar sine føresette.

 

   10. Eleven kan bortvisast frå enkelttimar eller for resten av dagen etter at eleven alvorleg eller gjentekne gonger har brote

        reglementet. Rektor vedtek bortvisinga etter å ha rådført seg med lærarane. Føresette skal varslast før bortvisinga vert    

        sett i verk.