Hålandsdalen Montessoriskule ligg i Hålandsdalen i Bjørnafjorden kommune om lag 1 time søraust for Bergen. Hålandsdalen er kjent for sine flotte friluftområde både sommar og vinter.

Skulen ligg sentralt i bygda med barnehage og SFO i same bygning. Ved skulen ligg fotballbane, basketballbane, leikeplass, turløyper, skiskyttarstadion og skiløyper. Naturen kring skulen er storslått, variert og vert mykje brukt i samband med undervisninga på skulen.

Skulen er godkjend som montessoriskule og har for tida om lag 45 elevar fordelt på 1. til 7. trinn.

Ved Hålandsdalen Montessoriskule er dei føresette ein stor ressurs, og dei føresette vil både formelt og uformelt kunne ha stor påverknad på borna sin skulekvardag.


Ein søker no etter ny rektor i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå mai 2021, men tilsetting frå august er òg mogeleg.

Skulen er privat drive og har eit styre av foreldre, tilsette og eksterne medlemmar. Styret er skulen sitt øvste styrande organ. Dei tilsette har tariffavtale med Utdanningsforbundet.


Arbeidsoppgåver

§ Rektor ved skulen og dermed styret sin representant i den daglege drifta.

§ Personalansvar ovanfor personalet på skulen.

§ Ansvar for arbeid med helse, miljø og trivsel knytt til krava i arbeidsmiljølova.

§ Ansvar for utarbeiding av fag- og timefordeling og timeplanstruktur.

§ Rapportering til styret og deltaking på styremøte.

§ Beredskapsansvarleg.

§ Delta i undervisning ved behov.

Kvalifikasjonar

§ Relevant høgare utdanning. Det er ikkje stilt krav om utdanning innanfor montessoripedagogikk, men dette vil klart vere ein fordel.

§ Undervisningserfaring frå barneskulen.

§ God innsikt i formelle strukturar og regelverk for barneskular.

§ Gode kommunikasjon- og leiareigenskapar.




Personlege eigenskapar

§ Du er robust, trygg og fleksibel.

§ Du har god arbeidskapasitet og er ambisiøs på elevar og skulen sine vegne.

§ Du er strukturert og analytisk.

§ Du har god gjennomføringsevne.

§ Du har gode samarbeidsevner og er lyttande.

§ Du er tydeleg når ei avgjersle vert tatt.

§ Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar.

Me tilbyr

§ Meiningsfylt og utviklande arbeid på ein spennande skule i positiv utvikling

§ Godt samarbeid og korte avgjerdsvegar i dialogen med styret.

§ Ein skule med god økonomi.

§ Godt arbeidsmiljø.

§ Lønn etter avtale.

§ Gode pensjonsordningar.


Arbeidsstad

Hålandsdalsvegen 532 5640 EIKELANDSOSEN


Kontaktinformasjon

Andrè Bjørndal, Styreleiar

Mobil: 95042104

e-post: Andre@byggadmin.no


Frist:

Søknaden sender de til styret på e-post Andre@byggadmin.no


Stilling ledig Rektor
.pdf
Download PDF • 120KB

Hålandsdalen Montessoriskule - Hålandsdalsvegen 532 - 5640 Eikelandsosen epost: post@hmskule.no Tlf: 56 58 11 00 / SFO : 900 28 583

logo 2019.png
Montessori er ei utdanning for sjølvstende, som førebur deg både for skule og livet