Hålandsdalen Montessoriskule

Søkjer:

Spesialpedagog 100% vikariat

Hålandsdalen Montessoriskule ligg i Bjørnafjorden kommune, tidlegare Fusa kommune, og har om skuleåret 2020/2021 47 elevar frå 1-7. trinn.

Skulen ligg på Holdhus med om lag 1 time reisetid til Bergen og Norheimsund samt om lag 45 minuttar til Os. Hålandsdalen er eit levande og engasjert lokalsamfunn med gode aktivitetstilbod for både barn og vaksne. Sjå vår heimeside http://www.hmskule.com

og vår facebook-side Hålandsdalen Montessoriskule

Då ein av våre dyktige lærarar skal ut i fødselspermisjon søkjer me etter lærar med grunnskulelærarutdanning med spesialpedagogikk i vikariat frå ca 10.02.2021-31.01.2022. Søkjarar med utdanning i montessoripedagogikk, i tillegg til grunnskule-/allmennlærarutdanning, vert spesielt bede om å søkja.

Stillinga vil vera retta mot enkeltelevar i alle undervisningstrinn og undervisninga vil vera inne i klasserommet og med mindre grupper/enkeltelevar.

Det er ei forutsetjing at ein beherskar norsk munnleg og skriftleg.

Pedagogen må vere med å vidareutvikle vår skule i samarbeid med vårt dyktige og engasjerte personale. Skulen er svært godt driven og det er eit nært og godt samarbeid med foreldre, bygda og lag i lokalmiljøet. Skulen har òg eit nært samarbeid med andre Montessoriskular i regionen.

Me søkjer lærarar som:

  • Har grunnskule-/allmennlærarutdanning

  • Har spesialpedagogikk som ein del av si utdanning

  • Har utdanning innan montessoripedagogikk eller er interessert i pedagogikken

  • Er ein tydeleg, engasjert og respektfull vaksen

  • Har samarbeidsevne, er utviklingsorientert, fleksibel og kan jobbe både sjølvstendig og i team

  • Har vilje og evne til å skapa gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer

Me kan tilby:

  • Eit triveleg kollegium med god fagleg kompetanse og eit støttande arbeidsmiljø

  • Ein ny og spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Lønn etter lønnstabell i KS

  • Lønnstillegg for formelt godkjente montessoripedagogar

  • Innmelding i Statens Pensjonskasse

  • God forsikringsordning

Me oppfordrar spesielt menn til å søkja.

Søkjarar må leggje fram gyldig politiattest.

Næringslivet i Bjørnafjorden er variert og treng meir arbeidskraft. Me kan hjelpe til med å skaffe jobb i nærområdet for ein eventuell partnar.

Me hjelper til med å skaffe bustad og hjelper gjerne til med flytting.

Alle søknadar blir handsama konfidensielt.

For meir informasjon, ta kontakt med rektor: Melinda Hjelm Hatletveit Tlf: 990 37 870

E-post: melinda@hmskule.no

Søknad med CV kan sendast innan 20.november 2020 til:

Hålandsdalen Montessoriskule

Hålandsdalsvegen 532

5640 Eikelandsosen

Eller på e-post: melinda@hmskule.no


Hålandsdalen Montessoriskule - Hålandsdalsvegen 532 - 5640 Eikelandsosen epost: post@hmskule.no Tlf: 56 58 11 00 / SFO : 900 28 583

Montessori er ei utdanning for sjølvstende, som førebur deg både for skule og livet

Hålandsdalen Montessoriskule - Hålandsdalsvegen 532 - 5640 Eikelandsosen

epost: post@hmskule.no Tlf: 56 58 11 00