top of page

Om skulehelsetenesta

 

Formålet med helsestasjonstenesta og skulehelsetenesta er å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggje sjukdom og skade.

Tenesta skal ha eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod der barn og føresette skal kunne ta kontakt utan avtale eller tilvising

Faste konsultasjonar og undervisning i barneskulen:

1. trinn

Helseundersøking med helsesjukepleiar og lege.

Tilbod om vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste

Stad: Eikelandsosen helsestasjon

3. trinn

Måling av høgde og vekt

Stad: skulen

5. trinn

Pubertetsundervisning i grupper

Stad: skulen

6. trinn

Undervisning om psykisk helse

Tilbod om vaksine mot meslingar, raude hundar og kusma (MMR)

Stad: skulen

7. trinn

Tilbod om vaksine mot humant papillomavirus (HPV, 2. dosar)

Stad: skulen

 

I tillegg til drop-in og faste konsultasjonar, kan helsesjukepleiar delta på anna aktuell undervisning, foreldremøte og tverrfagleg samarbeid.

Hos helsesjukepleiar kan elevane spørje og snakke om det dei lurer på. Dei kan få råd og rettleiing om blant anna:

  • kropp og helse, pubertet, kjærleik, legning, kjønnsidentitet, venskap, problem med venner eller familie, vanskelege tankar følelsar, og bekymringar

 

Nokon gonger treng ein meir hjelp. Då kan skulehelsetenesta sette deg i kontakt med f.eks. fastlege, familierettleiar, tannlege, ergoterapeut, fysioterapeut eller psykolog.

Føresette kan få rettleiing utan at barnet er til stades. Helsesjukepleiar har teieplikt. Tilbodet er gratis.

Det kan vere godt å ha nokon å snakke med, og eg ønskjer at det skal vere lav terskel for å ta kontakt ved behov.

Helsesjukepleiar: Susanne Ulvenes
Mail:  sul@bjornafjorden.kommune.no
Mob: 979 65 039

bottom of page