Trefftider
Helsesjukepleiar Ingvild Ekeberg har trefftid på HMS tysdagar kl. 09 -13.00 desse datoane haustsemesteret 2020:
27.8, 3.9, 15.9, 17.9, 24.9, 1.10, 15.10, 29.10, 12.11, 3.12, 17.12
Tilsette, elevar og føresette kan kontakte helsesjukepleiar via
E-post: eller mob: 48 99 62 72
Skulen vil kunne hjelpe til med å avtale tid for møte mellom elevar og helsesjukepleiar.
Frå Fusa kommune si heimeside:
Skulehelsetenesta
Dette er eit tilbod til elevar i grunnskulen og vidaregåande skule for å medverka til at dei tek ansvar for eiga helse. Tenesta er gratis. Helsesjukepleiar og andre som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt, men har nær kontakt med lærarar og andre faggrupper.
Skulehelsetenesta gjev mellom anna desse tilboda:
-
Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege før skulestart
-
Konsultasjon hos helsesøster i andre klasse
-
Tilbod om vekt og lengdemåling i tredje og åttande klasse
-
Tilbod om vaksinasjon
-
Oppfølging av einskildelevar etter behov
-
Kontortid for samtale med einskildelevar, grupper eller klassar
Vaksinasjon
Departementet har fastlagt eit nasjonalt program for vaksinering mot smittsame sjukdommar. Kommunehelsetenesta i Fusa tilbyr dette programmet til innbyggjarane. Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Fusa kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for vaksinasjon. Du kan sjå oppdatert informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet hjå folkehelseinstituttet.